Årsprosjekt

Ved å styrke barna sin språklege kompetanse gjennom leik, lærer og erfarer dei å hevde seg sjølv på ein positiv måte.

Leikekompetanse

Leiken er vårt unike redskap. Ved å bruke leiken kan vi legge til rette for at barna erfarer og lærer nye ting, sørge for eit inkluderande fellesskap, bidrage til å skape vitelyst og nyskjerrigheit.

Språk og kommunikasjon påverkar alle sider ved barna si utvikling. Dialog og samspel med andre er viktig i barna sin kvardag. Personalet skal jobbe for å skape slike situasjonar og stimulere til språkutviklinga til barna.

Kommunikasjon og leik heng tett saman, og er på mange måtar avhengig av kvarandre, det er også sosial kompetanse. Gjennom leiken ønsker vi å skape ei verd der barna tek vare på kvarandre, kjenner på meistring og har trua på eigne evner. Vi vil skape leikemiljø med fokus på begrepslæring, nye erfaringar og samhandling.

Felles aktivitetar for heile gruppa gjer at alle har opplevingar og erfaringar å ta med seg  inn i leiken. Dette styrkar kvart einskilde barn sitt utgangspunkt for å vere ein del av gruppa og leiken.

Lukk

Progresjonsmål for årsprosjektet

Progresjonsmåla viser kva vi er særskilt fokuserte på i arbeidet med dei ulike aldersgruppene. Barn utviklar seg ulikt. Vi tilpassar fokus etter barnet si utvikling og modenheit, uavhengig av alder.»

1–2 åringen

Utforske og prøve ut gjenstandar og leiker. Vere aktiv i grovmotorisk leik, og starte "late-som-om" leik.


3–4 åringen

Leike med andre barn, og auke uthaldenheit i leik over tid. Utvide leikerepertoaret til å innehalde konstruksjonsleik, regelleik og aktiv rolleleik.


5-6 åringen

Vidareutvikle rolleiken, regelleiken og konstruksjonsleiken med fokus på samspel med andre barn. Bli meir sjølvstendig i leiken.


Fellesmål for alle borna

Alle barn skal oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik - åleine og saman med andre.


Lukk