Særpreg og satsingsområder

Gnist Holstad er ein stad der språk er ein naturleg del av kvardagen. Difor er språk ein del av vårt særpreg og vårt fokus framover. Du kan og sjå at språk er sentralt i vårt årsprosjekt.

Førskuleavdelinga

Å vere ein del av ein stor barnehage gir mange moglegheiter, og ei av dei er at vi kan samle alle barna som har siste året i barnehagen på ei avdeling. Då vil dei bli veldig godt kjende med dei som dei skal gå på skule ilag med.

Overgangen frå barnehage til skule er svært viktig. I Gnist Holstad har vi derfor oppretta ei eiga førskuleavdeling. Ein får då større moglegheit til å jobbe med fellesskapet og å gi utfordringar på ein annen måte. Slik vert det alltid noko å strekke seg etter. Gjennom heile året jobbar vi med førskuleaktivitetar. Tryggleik er svært viktig for alt som skjer. Med ei eiga førskuleavdeling så får vi jobba ekstra godt med sosialiseringa. Det er trygt og godt med mange vener når ein skal starte på skulen. Det at foreldre også vert godt kjende på både foreldremøter og open dag, gjer at vi ilag kan hjelpe barna til å utvide  og utvikle venskap.

Lukk