Årsprosjekt

Vi er ein barnehage med stort mangfald, eit mangfald som også representerer det norske samfunnet. Vi tenkjer at ved å arbeide med toleranse og likeverd medan barna er små, kan vi auke kunnskapen om menneskeverd og dette kan motverke mobbing og diskriminering seinare i livet.

Mangfald og gjensidig respekt

I rammeplanen står det «Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finns mange måtar å tenkje, handle og leve på. Barnehagen skal bidra til at alle barn føler at dei blir sett og anerkjende for den dei er, og synleggjere den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet.» Rammeplanen s. 9

Vi ser på det store mangfaldet vi har i barnehagen vår som ein stor ressurs, og vil arbeide mot å vere ein barnehage med fleirkulturell pedagogisk teori og praksis. Vi vil bruke mangfaldet som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet, og støtte, styrkje og følgje opp barna ut frå dei kulturelle og individuelle føresetnadane. Vi vil arbeide med mangfald og gjensidig respekt gjennom fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Gjennom arbeidet vårt skal barna kjenne seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle, og vi vil bidra til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa.
Årsprosjektet vårt skal vere synleg gjennom barnehageåret.

Lukk

Progresjonsmål

Progresjonsmåla viser kva vi er særskilt fokuserte på i arbeidet med dei ulike aldersgruppene. Barn utviklar seg ulikt. Vi tilpassar fokus etter barnet si utvikling og modenheit, uavhengig av alder.

  1-2 åringane:

Skal kjenne seg trygge i barnehagen
Skal ha gode, varme og engasjerte vaksne saman med seg
Skal ha tilpassa fysiske leike og læringsmiljø til sitt utviklingsnivå
Skal oppleve språkleg aktive og bevisste vaksne
Skal få støtte til å samhandle positivt
Skal føle at dei blir sett og anerkjende for den dei er
Skal oppleve gode relasjonar barn-barn og barn-vaksen
Skal bli kjent med ulike materiale gjennom kunst, kultur og kreativitet



3-4 åringane:

Skal kjenne seg trygge i barnehagen
Skal ha gode, varme og engasjerte vaksne saman med seg
Skal ha eit trygt og godt leike og læringsmiljø, som er tilrettelagt kvart enkelt barn
Skal oppleve gode relasjonar barn-barn og barn-vaksen
Skal oppleve språkleg aktive og bevisste vaksne
Skal få støtte til å setje ord på eigne kjensler og å skape forståing for andre sine kjensler
Skal kjenne seg anerkjende for den dei er
Skal verte kjent med dei ulike landa og kulturane som er representert på avdelinga si, gjennom kunst, kultur og kreativitet


5-6 åringane:

Skal kjenne seg trygge i barnehagen
Skal ha gode, varme og trygge vaksne saman med seg
Skal oppleve at leike- og læringsmiljøet er trygt, kjekt og gir utfordringar
Skal oppleve gode vennskap i barnehagen
Skal oppleve leik som gir språkleg, sosial og motorisk utvikling
Skal få eit godt og målretta opplegg i forhold til overgangen mellom barnehage og skule
Skal få støtte til å setje ord på eigne kjensler, og få forståing for andre sine kjensler
Skal få leike med språket gjennom ulike aktivitetar
Skal kjenne seg anerkjende for den dei er
Skal verte kjent med ei ulike landa og kulturane som er representert på avdelinga si, gjennom kunst, kultur og kreativitet
Skal få erfaring med berekraftig utvikling gjennom gjenbruk og kildesortering i barnehagen
Vil avslutte barnehagetida med å vere miljø-(rosa)russ


Felles mål for alle barna gjennom året:
Barna skal oppleve glede og meistring i eit sosialt og kulturelt fellesskap
Alle barn skal kjenne seg stolt over å vere akkurat den dei er
Vi vil arbeide mot mobbing og med toleranse for alle
Vi vil ha eit godt samarbeid med alle foreldre
Vi vil løfte fram mangfaldet, og la barna verte kjent med kvarandre sine land og kulturar

Lukk