Ein god start

Å møte i barnehagen skal opplevast som ein god start, både på sjølve tida i barnehagen, men også på den utviklingsprosessen barnet skal gjennom heilt inn i vaksen alder. I Gnist Barnehager tek vi vår rolle som utviklingsarena på alvor ved å bidra til at barnet er godt rusta til vidare utdanning.

Foreldresamarbeid

I Gnist Barnehager veit vi at eit godt foreldresamarbeid er avgjerande for barnets trivsel og vekst. Tilbakemelding frå foreldra betyr mykje for oss, og vi veit at vår tilbakemelding betyr mykje for foreldra.

For dei fleste foreldre er møtet ved bringing og henting den viktigaste informasjonskanalen. Her vert daglege beskjedar og historier om korleis dagen har vore utveksla. Bringe- og hentesituasjonen gir oss ein unik sjanse til å samtale om nettopp ditt barn. I tillegg til dei viktige møta i bringe- og hentesituasjonen nyttar vi følgande informasjonskanalar:
- Vi legg ut bilete på Min Gnist, der vi dokumenterer barnas kvardag i barnehagen.
- Vi skriv dagsrapportar på Min Gnist. Her gir vi informasjon om innhaldet i dagen.
- Vi har eit elektronisk system for beskjedar, der vi enkelt kan kommunisere med foreldra.
- Vi har foreldremøte 1-2 gongar i året
- Vi skriv månadsplanar og månadsbrev. I slutten av kvar månad vil foreldra mota plan for komande månad og evaluering av månaden som var.
- Vi tilbyd to foreldresamtalar i året. Her er barnets trivsel og utvikling utgangspunkt for samtalen.
- I vårt avvikssystem registrerer vi klager og forslag til forbetring frå foreldra.
- Vi har samarbeidsutvalsmøte (SU-møte) to gongar i året. SU er eit rådgivande organ for barnehagen si verksemd. I SU sit representantar frå medarbeidarar og foreldre.
- Vi gjennomfører årlege foreldreundersøkingar der foreldra heilt anonymt kan gi si vurdering av barnehagen sitt tilbod.


Lukk

Tilvenning

Starten på barnehagetida representerer eit stort vegskilje i barnets oppvekst. Vi veit at overgangen kan vere knytt til usikkerheit, og at starten på den nye epoken kan vere utfordrande både for barn og foreldre. Derfor har vi eit eige tilvenningsopplegg i Gnist Barnehager. Her sørger vi for at overgangen vert så god og trygg som mogleg både for barn og foreldre.

Det viktigaste vi arbeider med er å gjere barna trygge og kjent i barnehagen. Barnehagen er som regel barnas første store møte med andre vaksne og ikkje minst med andre barn.

Det er stor forskjell på korleis barn reagerer i møte med barnehagen. I samarbeid med foreldra tilpassar vi tilvenninga etter barnets behov, og i Gnist Støylane legg vi til rette for dette slik:
- Informasjonsskriv til foreldra i forkant av oppstart.
- Fleire besøksdagar for barn og foreldre før oppstart.
- Vi tek bilete av barna og lagar klar plass i mellom anna i garderoben.
- Vi deler i grupper og brukar mykje tid på golvet for å trygge barna på avdelinga.
- Vi avtalar undervegs kor lenge det er behov for foreldre å vere til stade i barnehagen under tilvenning. Både barn og foreldre skal kjenne seg trygge og ha ei god oppleving rundt tilvenninga.
I løpet av den første tida i barnehagen vil foreldra få tilbod om ei oppstartsamtale. Her er fokuset barnas trivsel og behov. I tillegg klargjer vi forventningar til tida framover, og foreldra får moglegheit til å gi tilbakemeldingar på tilvenninga så langt.

Lukk

Kontakt og samarbeid

For å sikre eit tilbod til beste for barnas oppvekst og utvikling, legg vi vekt på å ha eit godt samarbeid med faginstansar utanfor barnehagen. Når vi søker hjelp og støtte frå desse instansane, er det etter samtykke og i samarbeid med foreldra.
Barn og foreldre skal få eit mest mogleg heilskapleg tilbod, til beste for barnets oppvekst og utvikling. Derfor samarbeider vi i barnehagen med ulike instansar i kommunen og i fylket. Dette er mellom anna PPT (pedagogisk psykologisk teneste), helsestasjonen, oppvekstetaten i kommunen og barnevernet. Når vi søker hjelp og støtte frå dei ulike instansane, er dette i samarbeid med foreldra. Alle tilsette er underlagt teieplikt og opplysningsplikt i samsvar med Lov om barnehager §§ 21-23

Vi har også samarbeid med ungdomsskular, vidaregåande skular og høgskular. Gjennom dette samarbeidet knyter vi elevar og studentar til oss i samband med praksisopplæring.


I Gnist Støylane samarbeider vi med fleire ulike faginstansar på fleire ulike nivå. I kvardagen vil de foreldre møte studentar frå Høgskulen i Volda, elevar frå Herøy vidaregåande skule og elever frå Flyktningtenesta i Ulstein Kommune som har språkpraksis. I tillegg samarbeider vi med Furene og I-Ung. Vi har og samarbeid med Pedagogisk Psykologisk Tjeneste i kommuna,  Ulstein Helsestasjon og Interkommunal barnevernteneste. Av og til kan det og vere aktuelt med samarbeid med BUP (barne- og ungdoms-psykiatrisk avdeling), barnehabiliteringa, logoped og fysioterapeut. Når eit barn treng oppfølging set vi med kunnskap om vegar å gå for å søkje hjelp.

Lukk

Overgangen mellom liten og stor avdeling

Når barn byter avdeling i barnehagen er det viktig at både barna, foreldra og personalet er godt førebudd. I forkant av overgangen legg vi til rette for god tilvenning. Vi tek med barna på besøk til den nye avdelinga i barnehagetida. Dette gjer vi gradvis, over tid og saman med andre barn og trygge vaksne. Foreldre blir innkalla til samtale både før og etter oppstart på ny avdeling. Dette for å gjere overgangen til ny avdeling betre for både barn og foreldre. Den første dagen på ny avdeling ønsker vi at foreldra set av litt ekstra tid om morgonen saman med barnet. Då kan vi saman sjå om barnet kjenner seg trygg og avtale korleis vi legg til rette vidare.

Overgangen til skule

Overgangen til skule er starten på noko nytt for barna, og vi ynskjer å gjere denne best mogleg. Vårt mål er at barna skal starte på skule med forventningar og lærelyst.

I fylgje rammeplan for barnehagen skal dei eldste barna få høve til å gle seg til å starte på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehage og skule. I Gnist Støylane har vi eiga førskuleavdeling der dei eldste barna vert samla det siste året i barnehagen. Det er ein stor overgang frå å vere eldst i eit kjent og trygt miljø, til å vere yngst i eit nytt og ukjent miljø. Vi vil derfor arbeide skuleførebuande gjennom å ha fokus på sosial kompetanse, sjølvstende og sjølvkjensle med tru på eiga meistring. Gjennom desse punkta ynskjer vi å skape ei avdeling med gode venskap, omsorg og respekt for kvarandre i eit mangfaldig miljø. Ein dag i veka vert sett av til førskuleklubb, der vi tek utgangspunkt i tema frå Trampoline-boka, som er førskuleboka vår. Her vil barna få erfaring med ulike måtar å arbeide med ulike tema på. Leik, samarbeid, forsking og undring saman er viktige stikkord.

Vi har turdag tre dagar i veka. Her nyttar vi nærmiljøet aktivt. Vi går gjerne litt lenger turar dette året. Å kjenne på at det er viktig å kle seg og te seg i all slags ver og føre, vert ein del av læringa. Vi lagar mat på tur, eller smør eigen matpakke og skriv namn på før vi går. På tur kan vi leike fritt og barna får utfalde og utfordre seg i ulikt miljø, eller vi kan ha organiserte aktivitetar. Det er uendelege moglegheiter i naturen, og her kan barna verkeleg få medverke. Vi øver på å ferdast i trafikken i barnehagen og medan vi går på tur. På våren går fleire av turane til Ulsteinvik barneskule for å verte kjent med uteområde og skulemiljø.

Gnist Støylane fylgjer Ulstein kommune sin standard for overgang mellom barnehage og skule. Dette er aktivitetar som er lagt opp til i samarbeid med skulen på vår-halvåret for førskulebarna.

- Innskriving på skule etter nyttår, saman med foreldre.
- Skulebesøk i barnehagetida, saman med andre barn og vaksne frå barnehagen.
- Overgangsmøte / samtale mellom barnehage og skule.
- Førskuledag for barna saman med foreldre.

Lukk