Særpreg

Gnist Støylane er ein barnehage med stort mangfald. I barnehagen vår vert mangfald brukt som ein pedagogisk ressurs.

Ein barnehage med rikt mangfald, engasjerte vaksne og barn som meistrar

I Gnist Støylane skal barna verkeleg kjenne seg stolt av kven dei er, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Ved å fokusere på dette, vil vi bidra til å motverke alle former for diskriminering og fremje nestekjærleik.

Stort mangfald

I barnehagen vår vert mangfald brukt som ein pedagogisk ressurs. Vi fokuserer på fagområdet kunst, kultur og kreativitet i arbeidet med å spegle det store mangfaldet. Vi har barn frå ulike land og verdsdelar, og vi har barn med ulike utfordringar og ekstra behov. Vi har barn med ulik familiesituasjon, og vi har barn med svært ulik kultur og tradisjon. Alle er ein viktig del av fellesskapet, og alle skal kjenne seg stolt av seg sjølv. Å få erfaringar med alle desse ulikskapane, førebur barna på livet som ventar. Samfunnet vårt er mangfaldig, og at barna får erfaringar med dette tidleg gjer at dei lærer seg at alle er like viktige. Kvar og ein skal kjenne at dei betyr noko, at deira meining og stemme blir høyrt. Dei skal oppleve å sjå at alle har verdi, og dei skal lære seg å ta plass og å gi plass.


Engasjerte vaksne

Personalet i Gnist Støylane er opptatt av fagleg utvikling. Vi er varme og grensesetjande og til stade for barna. Vi er engasjerte i alle delar av dagen, frå barnet kjem til det skal fare heim. Barnet sine behov og kjensler skal møtast av trygge og gode vaksne. Det skal kjennast godt å levere barnet sitt i Gnist Støylane. Observasjon av, og inntoning mot kvart enkelt barn er noko vi legg stor vekt på, og vil trene på. Vi kan ta i bruk film i arbeidet med barna, men då alltid for å rette fokus mot den vaksne og korleis vi kan utvikle oss og verte enda betre (MarteMeo-rettleiing).


I Gnist-appen vår får foreldra små drypp av korleis barnet har det gjennom dagen. Bleieskift og søvn blir notert og registrert. Kvar dag kjem det også ein liten rapport over aktiviteten denne dagen. Dette er ein fin måte å knyte saman barnehage-livet og heimen på. Det er enklare å kunne samtale om det som har skjedd i barnehagen om ein har eit felles utgangspunkt. Mange barn syns det er vanskeleg å fortelje kva dei har gjort på i løpet av dagen. Dagsrapporten kan vere til god hjelp her.

Dei vaksne i barnehagen arbeider etter prinsippa til tryggleiks-sirkelen (COS- circle of security) og vil arbeide med denne modellen på personalmøter og planleggingsdagar gjennom året. Vi deltek også på kunnskapsløft-kurs i regi av PPT.

Dette året vil vi også setje meir fokus på pedagogisk dokumentasjon. Gjennom å arbeide med pedagogisk dokumentasjon vil vi løfte barns medverknad til eit høgare nivå enn tidlegare. Barn og personale skal undre seg, diskutere og reflektere over dokumentasjonen saman.

Gode ute- og turområder

For nokre år sidan fekk Gnist Støylane oppgradert uteområdet sitt. Vi har eit flott leikeområde med ulike utfordringar og vanskegrad for alle aldrar. Uteområdet vårt blir flittig brukt på kveldstid og i helgar, men vi opplever at alle som er på besøk tek godt vare på det. Personalet i Gnist Støylane er engasjerte i uteleiken.

Uteområdet vårt skal også vise at vi har stort mangfald, og dette barnehageåret vil vi mellom anna nytte uteområdet til å synleggjere det vi er aller mest stolte av! Når du kjem på besøk til Gnist Støylane kan det hende du får sjå barnekunst og kreative prosjekt utstilt på ulike måtar på barnehagen sitt uteområde.

Vi har mange flotte turområder rundt barnehagen. Vi går på korte og lengre turar. Nokre dagar har vi med bålpanne på tur, eller vi fyrer bål og lagar mat direkte på grue. Andre dagar smør vi matpakke og tek med oss, eller vi vender tilbake til barnehagen og et maten der. Maten vi serverer er uansett sunn og gjennomtenkt.

I naturen får barna bruke kroppen sin annleis enn når dei leikar i konstruerte leikeområder. Her er ulendt underlag, hinder å forsere og utfordringar å takle. Naturen byd også på overraskingar og gir høve til mykje undring saman. Kanskje skvett det ein frosk ut av ei busk, eller vi møter ei død mus på stien. Her er det viktig å kunne stoppe opp og gripe situasjonen og nyte opplevingane saman med barna. Naturen kan også brukast som kunst. Vi vil til ulike tider hente ulike element frå naturen inn i prosjekta vi har i barnehagen gjennom året.

Mestringsglede gjennom leik og utfalding 

Leik er ein stor del av barnehagekvardagen. I Gnist Støylane vil vi leggje til rette for at leiken skal vere inngangsport for læring og sosial og språkleg samhandling. For å trygge at alle barn kjenner meistring i leiken, må personalet vere engasjert, observerande og aktivt deltakande. Vi vil leggje til rette for og inspirere til ulike typar leik inne, ute og på tur. Vi legg til rette for bruk av ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) slik at alle barn, uansett utgangspunkt, skal få gode vilkår for å kommunisere både under leik og elles i aktivitetar gjennom dagen.

Lukk